tirsdag 10. februar 2009

Bokmelding: Under en ny måne


Under en ny måne er skrivi av Stephenie Meyer. Ho er ein amerikansk forfattar som har skrivi den kjente ungdomssagaen Twilight. Originaltittelen til boka er New Moon, og ho er på 613 sider. Boka blei gitt ut i 2008 i forlaget Gyldendal, men blei gitt ut på engelsk året før av forlaget Little, Brown and company.

Boka handlar om kjærleiken mellom den klønete, Bella Swan og den sterke, vakre Edward Cullen. Dei er eit uvanleg par, der ho er menneske, og han er vampyr. Dei prøver å leve så normalt som muleg, men det er ikkje enkelt når hans familie prøver å drepe henne.

Handlinga finn stad i den bortgjømte byen Forks som ligg i regnfulle Washington. Det regner så å seie kvar dag der. Det er ein av grunnene til at familien Cullen har valt å slå seg til ro her, nettopp fordi det aldri er fint vær. Vampyrar kan ikkje vere ute i sola, for da begynner huda deira å glitre. Den regnfulle stemninga skapar ein ramme rundt den forboda kjærleiken mellom to personar som gjer alt for å vere saman, noe som er vanskeligare enn dei hadde trudd.

Bella Swan er ei snill og skoleflink jente, har ho ein tendens til å trekke til seg fare. Det å vere forelska i ein vampyr, er ein stor fare i seg sjølv. Edward Cullen har derfor vanskelig for å halde henne i livet til tidar, og må ty til drastiske metodar for å få det til. Edward er Bellas kjæraste. Alle vampyrar har ein spesiell evne, og Edward sin er at han kan høyre tankane til alle rundt seg, alle bortsett frå Bella sine.
Bestevennen til Bella, Jacob Black, likar ikkje Edward i det heile tatt. Han skjønner ikkje kvifor ho er saman med han, og han er sjølv dypt forelska i Bella.

Stephenie Meyer ønskjer å få frem bodskapen om forskjellen på to personar som eigentleg ikkje er meint for kvarandre. Men de trossar forventningane, og viser at alt er muleg.

Meyer bruker enkle ord, som gjer at det er ein flyt i boka. Ho er lettlest, og til tider vanskelig å legge frå seg, nettopp fordi ho er så spennande. Meyer beskriver alt veldig godt, og er flink til å bruke samanlikningar slik at det skal bli lettare for lesaren å førestelle seg korleis det ser ut der, slik at det følast som man er med i forteljinga og kjennar personane.

Eg anbefaler boka på det sterkaste for dei som likar å lese kjærleikbøker. Dette er ein typisk ungdomsbok, som egner seg for begge kjønn. Det er fordi det ikkje bare er om kjærleik, men noe overnaturlig og spennande også. Eg anbefaler alle å lese Evighetens kyss, som er bok nummer ein i Twilight - sagaen, før de beger seg ut på Under en ny måne.